Om laksefisket på Nærheim og Ritland

 

I generasjonar har folk fiska i Suldalsågen. Lenge har Nærheimshølen og Bakkahølen vært ettertrakta som fiskeplassar. På Nærheim og Ritland Laksefiske kan me tilby opp mot 6 ulike høler og ei hytte kun 8 meter frå vasskanten.

Når stillheten senker seg. Når ein går til ro i lågen. Når ein berre kan vera. 

Historien om Suldalslågen og laksen

Suldal er heimen til Vestlandets største elv, Suldalslågen, som renn 22 kilometer frå Suldalsosen til Sandsfjorden. Laksen har vore trufast mot Suldalslågen gjennom alle tider. Kvart år tek han same turen frå gyteplassen sin i lågen og dreg ut i verda. Ein kan finna spor etter laksen både på Grønland, Storbrittania og Canada.

På 1200-talet kom munkar til dalen for å ta fiskerettane i Suldalslågen og bøndene blei pressa ut. Kong Fredrik II delte lågen mellom konge, kyrkja og de lærde. Med garn og nøter vert det eit overfiske over fleire år i Suldalslågen og bøndene gjorde opprør der dei gjekk til fysisk angrep på dei som stod for galskapen. På 1880-talet kom ein velstående og sportsfiskande engelskmann ved namn Walter Edvard Archer til lågen og kjøpte likesågodt alle fiskerettane, regulerte årleg fangst og gjorde det lovlig kun med sportsfiske.

www.visitsuldal.no